LT-brosjyre2013 19

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Nårekista Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 Segna sa at Olav den Heilage gøymde skattar i Nårekista då han fór gjennom Lærdal i 1023. Steinen låg ved den gamle Kongevegen frå 1793 lenger framme i dalføret, men vart flytta hit i samband med moderne vegbygging. Kista har vore forsøkt sprengt, truleg av arbeidskarane på Kongevegen som truleg var på jakt etter skattane. I 2010 vart Nårekista sett saman att ved sidan av infoskilta om Bjørkum-kaupangen ved E16. Infoskilt. Parkering. Avstand frå sentrum: ca. 17 km. Høgde over havet: ca. 130 moh. Komme dit: bil/buss Bjørkum-kaupangen Vikingkaupangen (kaupang = handelsplass) på Nordre Bjørkum vart etablert rundt år 800. Den er spesiell fordi den låg 17 kilometer frå fjorden og fordi den inneheldt den største samlinga av torvgammer frå jernalderen i Noreg. Kaupangen skjulte også det mest komplette og største beinfunnet frå vikingtida. Det er den einaste staden på Vestlandet kor det er funne spor av kambproduksjon. Infoskilt ved E16. Funna er utstilt i besøkssenteret til Borgund Stavkyrkje. Avstand frå sentrum: 17 km. Høgde over havet: ca. 130 moh. Komme dit: bil/buss 20


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above