LT-brosjyre2013 21

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Koren rasteplass Lærdal er nasjonal veghistorie. Minst fem generasjonar med vegar er å finne langs «Historisk rute» og to av dei kan du starte gåturen på ved Koren rasteplass: Postvegen frå 1647 og «Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra. Lærdalselvi renn forbi. Parkering og rasteplass. Postvegen 1647 Heilt sidan postvesenet vart oppretta i Noreg har posten gått gjennom Lærdal. Postvegen over Filefjell er henta fram att og ein del går frå Koren rasteplass over Seltunåsen og Steineåsen. Truleg fyl den mykje av den same traseèn som Tjodgata frå Gulatingslova. Parkering i Koren. Kongevegen 1793 Soldatar bygde den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet. Store delar av den er inntakt mellom Øye i Valdres og Lærdalsøyri, og langs «Historisk rute» ligg den mest spektakulære delen. I dette bratte og vakre området er mange nasjonalikon blitt laga opp gjennom historia. Kongevegen går på andre sida av elva. Inngangar ved Seltun, Sjurhaugen og Husum. Bergens Hovedvej 1840 Kongevegen vart erstatta av «Bergenske» cirka 50 år seinare, og flytta over elva. Den vart bygd av ingeniørar og erfarne vegbyggarar, det ser me på standarden og ikkje minst på dei mektige vegmurane. Start/stopp ved Koren rasteplass eller Steine bru, evt. nedanfor Husum Hotell. Tyske krigsminner Overalt i området «Historisk rute» ligg bunkersar, skyttargroper, MG-stillingar, kommandoplass og lasarett, samt bygningar, stigar og vegar frå då tyske soldatar gjorde Lærdal til ein «propp» som dei allierte vanskeleg kunne kome gjennom dersom dei gjekk til åtak. Dei lettast tilgjengelege krigsminna ligg langs Kongevegen og Bergenske Hovedvej. urhistoriske og idylliske områder. (Se vandrekart) Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 22


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above