LT-brosjyre2013 22

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 Galdane Restaurert husmannsplass med busetnad frå 1600-talet til 1947. Dagens bygningar frå 1800-talet. Tilgang via Kongevegen. Utsiktspunkt og rasteplass ved «Historisk rute». Storfossen ved sida av heiter Sokni. Lærdalselvi renn forbi. Gamle E16 Vestre del sto ferdig i 1877 og austre del er frå 1860-åra. Skiljet går ved Steine bru. Dette var hovedveg mellom Oslo og Bergen til 2001. I dag er strekninga med alt vegutstyr freda. Steine bruruin Del av den store ingeniørkunsten som Bergenske Hovedvej var gjennom Lærdal i 1840-åra. Teken av flaum i 1860. Vegen held fram på hi sida av elva og møter Kongevegen 1793. Sjurhaugsfossen I mange tiår var dette det store foto- og utsiktspunktet. Er du heldig kan du nemlig sjå Lærdalslaksen hoppe i fossen! Inngang til Kongevegen 1793 over brua. St. Olavsklemma Ved Kongevegen på andre sida av elva. Segna seier at gjelet her var for trongt for Kong Heilage Olav då han fòr gjennom Lærdal i 1023. Han sette hesten sin til å utvida passasjen. Den dag i dag kan du sjå merka etter hendinga i fjellet – som i realiten er ei jettegryte. St. Olavsklemma vart forstyrra da tyskarane bygde forsvarsverk i 1942-43. Mellom anna finn du eit ammunisjonslager i ei hole i fjellveggen. Tyske krigsminner. 23


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above