LT-brosjyre2013 23

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Nedre Kvame Bru Denne steinkvelvingsbrua frå 1863 vart bygd etter at Steine bru vart teken i flaum. Bergenske Hovedvej vart samstundes lagt om på denne strekninga. Husum Hotell Husum er ein del av Lærdal si hundreårlange rolle som vertskap og knutepunkt. Opphaveleg ein skysstasjon frå 1835, post- og telefonstasjon og seinare hotell med stolt laksefisketradisjon. Det kvitmåla hotellet i sveitsarstil har vore heim for Kong Oscar II, Bjørnstjerne Bjørnson, Edvard Grieg, Ole Bull og mange andre. Hotellet er ikkje ope. Vakkert fotopunkt. På andre sida av elva ligg Husum kraftstasjon som gav Lærdal straum i 1936. Vindhella Dette skaret har alltid vore kortaste veg mellom Lærdal og Borgund. Kongevegen 1793 går opp her, med 25 prosent stigning. Då Bergenske Hovedvej skulle byggast oppå, forsøkte dei å gjere noko med stigninga (Kongevegen er synleg under). Men nye-vegen vart nesten like bratt. Vindhella er likevel eit storarta minnesmerke over norsk vegbyggarkunst, med imponerande murar. Anbefalt gåtur. Parkering ved Rimskjold Ungdomshus eller Borgund Stavkyrkje. Sverrestigen Gjennom historia har nesten alle dei store kongane reist gjennom Lærdal. Kong Sverre passerte i 1177 og fylgde mellom anna denne urgamle stigen. Like etter måtte han slå ned eit angrep frå lærdalsbøndene. Parkering ved Rimskjold Ungdomshus eller Borgund Stavkyrkje. Første bilturist Noregs første bilturist var hollendaren Peter Beduin. Han køyrde ned Vindhella og Lærdal i 1901 på ein Panhard&Levassor. Bragden har fått ei minnestøtte ved inngangen til Vindhella. Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 24


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above