LT-brosjyre2013 25

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 26 Borgund Stavkyrkje er blant Noregs mest dyrebare kulturskattar og sjølve kruna i det historiske Lærdal Avstand frå sentrum: ca. 30 km. Høgde over havet: ca. 400 moh. Komme dit: Bil/buss Borgund stavkyrkje Besøkssenteret Senteret har ei omfattande utstilling om dei norske stavkyrkjene generelt, og Borgund stavkyrkje spesielt. Her er også funna frå Bjørkum-kaupangen utstilt. Kafé med heimelaga mat, turistbutikk og toalett. Ope 1. mai til 30. september. Prisar: vaksne NOK 80, familie NOK 190, student/ born NOK 60. Grupper (min. 15) og senior NOK 70. Tlf.: 57 66 81 09 Vandring Rundt stavkyrkja er det etablert ein «Green Walk» som er ein skilta femminuttars gåtur i det unike kulturlandskapet, og meint for dei som ikkje er vant til å gå i natur. Spør etter vandrebrosjyre i besøkssenteret. Borgund Stavkyrkje er utgangspunkt for vandring på dei historiske vegane Vindhella og Sverrestigen. Spesielt rundturen som inkluderar begge er populær. Den tek 1,5 timar. Parkering ved besøkssenteret.


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above