LT-brosjyre2013 27

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 Margaretastova Allereie på 1300-talet sto det ei «salustove» på Filefjell. I 1358 høyrer me om «Margaretastofa á Filefjelli», ei stove som både konge og biskop gav vedtekter for. Stova var viktig for at kyrkja og staten sine tenarar og embedsmenn skulle få vern under dei farefulle ferdene over fjellet. Stova er såleis ei av dei eldste vitneprova på Lærdal si tusenårige vertskapsrolle. I samband med bygginga av kongevegen over Filefjell vart ei ny «Margrethestue» bygd i 1791-92. Vegbyggjaren sjølv, generalvegmeister Hammer stod bak, og han ville laga det makeleg for seg og sine. Stovemannen måtte holde stova i stand «... til Benyttelse for Reisende udenfor Bondestanden og ingenlunde til Brug for Bønder i nogen slags Maade...» I dag er stova eit privat museum, mellom anna kan du sjå generalvegmeistarens himmelseng. Guida omvisning på førespurnad. Tlf.: 57 66 87 11. Turområder i nærleiken (Kongevegen 1793, blant anna med «De syv skuffelser», og Bergenske Hovedvej fra 1840-åra). Avstand frå sentrum: 50 km. Høgde over havet: 816 moh. Komme dit: Bil/buss. Flåmsbana og Nærøyfjorden På andre sida av Lærdalstunnelen ligg Aurland og Flåm. Flåmsbana er ei utruleg togreise mellom høgfjellstasjonen Myrdal på Bergensbana og Flåm stasjon innerst i Aurlandsfjorden. Avgangar frå morgen til kveld. www.flaamsbana.no Turar på Nærøyfjorden kan du ta med passasjerbåtar, bilferje, fjordcruise, ribb-båt eller charter. Turstinformasjonen i Flåm: 57 63 21 06. 28


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above