LT-brosjyre2013 29

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Turen er ei reise mellom ulike landskap og gjennom fleire "årstider" Stegastein Dette spektakulære utsiktspunktet består av ein fire meter brei og 30 meter lang utstikkar i limtre og stål 640 moh. Konstruksjonen med utsikt over Aurlandsfjorden og Aurlandsvangen opna i 2006 og vekte internasjonal oppsikt. Parkering og toalett. Snø og isbre Oppe på høgfjellet kan du gå på ski i juli. Du kan drive brevandring på Blåskavlen og vite at verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, går 1800 meter under deg. Fotturar og fiske Nesten kvar som helst kan du setje frå deg bilen og gå deg ein tur. Hugs at dette er toppen av ein av mange majestetiske fjell langs Sognefjorden. Fleire fiskevatn langs vegen. Du kjøper fiskekort på staden eller tek kontakt med turistkontoret. Bjørnehiet Den amerikanske kunstnaren Mark Dion har skapt eit bjørnehi i fjellet, der ein bjørn søv på ein skrothaug. Målet er å vise kva me gjer med naturen. Kunstverket har skapt stor debatt lokalt og nasjonalt etter at det opna i 2012. Parkering ved Vedahaugane, opphøgd gangveg inn til hiet, som ligg delvis skjult. Stopp 500 meter etter kommunegrensa dersom du kjem frå Lærdal. Utsikt mot fjelltinder i Jotunheimen. «Snøvegen» - Aurlandsfjellet Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 30


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above