LT-brosjyre2013 3

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 4 Lærdal. Namnet får dei fleste til å tenke natur, kultur, laks, fjord, historie ... Velkomen på ferie. Velkomen til eventyret. Velkomen til Lærdal! LÆRDAL ... der historia vert fortald. Knapt nokon dal kan måle kombinasjonen natur, kultur og historie slik Lærdal gjer. Heilt sidan tidenes morgen har menneska brukt Lærdal. Fyrst erobra dei fjella. Så tok dei dalen. Sidan dei første tråkka over fjellet, sidan Tjodgata frå Gulatingslova, Postvegen frå 1647 og dei første Kongevegane, har samkvemet mellom mennesker på reise mellom aust og vest skjedd i Lærdal. Rolla som knutepunkt har sett spor, i dag ligg kulturminnene tett: stavkyrkje, historiske vegar, gamle gardar og husmannsplassar, unike kulturlandskap, flotte hotell og trehusmiljø. Lærdal er staden der historia vert fortalt. Dei første moderne turistane var engelske lordar på jakt etter lærdalslaksen i 1850-åra. Slik starta soga om Lærdalselvi, Noregs mest kjende storlakselv internasjonalt. Og med dei kom skysstasjonar og hotell, transportselskap, hesteskyss og rutebilar – under fellesnemnaren vertskap. Folk har i alle år hatt grunn til å føle seg velkomen i Lærdal. Dalen strekker seg frå Borlaug der Rv. 52 møter E16 og ned til Lærdalsøyri. Den har eit unikt lys som har inspirert fram mange nasjonalikon som i dag heng på Slottet eller Nasjonalgalleriet. Det gode klimaet gjer dalen til ein av dei mest grøderike i landet med lange tradisjonar innan jordbruk. Og kombinasjonen fjord mot fjell gjer naturen sensasjonell. I dalbotnen: fjord, grønt, varmt, rikt på jakt og fiske. På høgfjellet: snø, skigåing eller vandring på isbrear høgt over Sognefjorden.


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above