LT-brosjyre2013 32

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

33 Sykling/sykkelutleige Lærdal er rik på asfaltruter og terrengruter for racer/landevegssykkel, tursykkel og terrengsykkel. Lette søndagsturar eller for profesjonelle, alle nivå og aldersgrupper. Lærdal Ferie- og Fritidspark hjelper med sykkelkart/ turbeskrivelsar og sykkelutleige. Tlf. 995 05 111 eller 57 66 66 95. www.laerdalferiepark.com www.laerdalsport.com Meir info på turistinformasjonen – tel. 57 66 67 71. Tennis Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark: Tlf. 57 66 66 95 www.laerdalferiepark.no Triathlonaktivitet Symje i kanalen eller i fjorden, løp flatt på asfalt eller på grus langs elvebreidda eller i middels bratt terreng på turveg. Sykkelrute langs fjorden er ideell for fartstrening og temposykling. Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark: Tlf. 57 66 66 95 www.laerdalferiepark.no Trøbilar For born og vaksne. Lærdal Ferie- og Fritidspark. Tlf. 57 66 66 95. www.laerdalferiepark.no Turar Lærdal Turlag inviterar til fellesturar i lærdalsnaturen kvar onsdag mellom 10. april og 4. september og fellesturar nesten kvar laurdag juni-august. Turkart over merka turar finn du på turistinformasjonen, og på hotell, campingplassar, butikkar og kafèar. Tlf. 91 77 66 81 www.laerdal.turistforeningen.no/ Vandring - fotturar Lærdal er eit eldorado for fotturar og vandring. Det er kort veg til fjord, elv og kulturlandskap, og på eit par timar kan du gå frå dalbotnen til høgfjellet. Lærdal har turar for den godt trente, den middels trente eller for deg som ikke er ute så mykje. Rundt Lærdalsøyri er det fleire fotturar i flate ruter langs elvebreidda og langs fjorden som passar for heile familien. Det er også mange turar i bratt terreng. Stigninga opp fjellsidene har forskjellige ruter og ulike vanskegrader. I resten av dalen finn du turmoglegheiter langs vatningsveiter, kongevegar, postvegar eller ein topptur til fjells. Be om vandrebrosjyra «Lærdal tur» på turistinformasjonen. Den ligg også i butikkane, i kafèar, på campingplassar og hotell. Under kapittelet «Historisk Rute» finn du informasjon om ein flott fottur i historiske omgjevnader. God tur! Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 AKTIVITETAR


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above