LT-brosjyre2013 5

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 6 Avstand frå sentrum: 1 km. vestover Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Bil/gå/sykle Avstand frå sentrum: 0,5 km. Høgde over havet: 0 moh. Komme dit: Bil/gå/sykle Dampskipskaia på Fleskheller Lærdalsfjorden/Sognefjorden ATTRAKSJONAR Bryggja er verna og byr på flott utsikt Sognefjorden er den djupaste og lengste, opne fjorden i verda Om vinteren kunne dei inste delane av Lærdalsfjorden verta islagd. Dette skapte vanskar for postgangen mellom Christiania og Bergen, som sidan 1647 hadde gått gjennom Lærdal. Løysinga vart ny veg og bryggje ved Fleskheller i 1845. Steinbryggja er i dag verna og byr på flott utsikt og gode fotohøve ved Lærdalsfjorden/Sognefjorden. Her kan du også fiske. Lærdalsfjorden er ein arm av Sognefjorden og er 7,1 kilometer lang, 2,7 kilometer på det breiaste og 565 meter på det djupaste. Stor båttrafikk i eldre tider. Sognefjorden er den djupaste og lengste, opne fjorden i verda: cirka 204 kilometer lang og 1308 meter djup. Badeplass på Grandane (ved Lærdal Ferie og Fritidspark) og i Hedler. Fjordfiske. Utsiktspunkt ved Røyrnes, Fleskheller og Raudberg. Fin sykkelrute langs fjorden mot Erdal og Vindedalen.


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above