LT-brosjyre2013 6

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

Lærdal Turistinformasjon sommar 2013 Gamle Lærdalsøyri var byen til hallingdøler, valdrisar og sogningar 7 Avstand frå sentrum: 0 km. Høgde over havet: 2 moh. Komme dit: Gå/sykle Gamle Lærdalsøyri er noko av det mest særmerkte av gamal tettstadarkitektur og eit av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er att i Noreg. Dei 161 verna trebygningane frå 17- og 1800-talet er minner frå tida då Lærdalsøyri var eit nasjonalt knutepunkt for handel og samferdsle. Lærdalsøyri var byen til hallingdøler, valdrisar og sogningar. Her møtte dei kystfolket for å byte varer og utvikle røynsler, spesielt under Lærdalsmarknaden, som er Norges eldste og mest tradisjonsrike friluftsmarknad, fyrste gong nemt på 1500-talet. Lærdalsøyri hadde bystruktur alt på 1600-talet og vaks fram som den fyrste og største tettstaden i Sogn og Fjordane. Strandsitjarstaden utvikla seg frå enkle naust langs fjordkanten til ein liten by med cirka 700 innbyggarar i 1842. Då hadde regjeringa laga byplanar og foreslo Lærdalsøyri som «ladested» ovanfor Stortinget. Gamle Lærdalsøyri


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above