LT-brosjyre2013 7

Velkommen til Lærdal - Sommer 2013

8 Lærdalsøyri hadde langt fleire «bynære» næringar enn vanleg på landsbygda. Dei nye vegane oppe i dalen kopla mot trafikken på fjorden, samt Lærdal si sentrale plassering, gjorde at Lærdal var fyrst ute med post- og transportvegar, dampskipsruter, telegraf, telefon og apotek – for å nemne noko. Lærdalsøyri var også sete for fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane. Hovedgata Øyragata er fylkets eldste handlegate, i dag regulert som gågate. Den raskt veksande tettstaden gjorde fleire av handelsmennene rike. Gjestgjevar Lars Hille tjente så mykje at han fekk lov av Danmark-Noreg til å trykke eigne pengesedlar. Handelsmann Tøger Hansen betalte 400 riksdalar i formueskatt då Noregs Bank skulle etablerast, meir enn dobbelt så mykje som nokon annan i Sogn og Fjordane. Jan Henrik Nitter Hansen tjente nok til å kjøpe heile Lærdalsøyri på auksjon. Denne overklassen sette sjølvsagt spor. Mellom anna skapte dei rikmannstrøket «Enemo», i dag Brattegjerdet, som den gong låg «på landet» utanfor Lærdalsøyri. I dag er gamle Lærdalsøyri fylt av antikvitetsbutikkar, atelièr, kafé og pensjonat. Nokre av husa er feriehus, andre har fastbuande. Og her foregår framleis den vidgjetne Lærdalsmarknaden i det same bygningsmiljøet som den alltid har gjort. I våre dagar går den av stabelen tredje helga i juni kvart år. Besøk Henrikstova, ei typisk akershusisk stove med tre rom, inngang på langsida og ljore i taket. Verdt å sjå: Fanteloftet, Sjanke-huset, Per i Podl-huset og Løytnantsbryggja, den gamle jektehamna der mykje av handelen føregjekk. Merk deg den rosa Kulturbanken, ombygd i nyklassisistisk stil i 1925. Arkitekt Johan Lindstrøm var inspirert av Egypt og gangen innanfor liknar Tutankhamons grav. Forsøk guida vandreturar, der du også får oppleve nokre av husa innvendig. Startar ved gamle Telegrafen. Sjå avsnittet Postmuseum og Telemuseum eller kontakt turistinformasjonen. Lærdal Turistinformasjon sommar 2013


Velkommen til Lærdal - Sommer 2013
To see the actual publication please follow the link above